Skip to the content

Kalender

Gjest: Norvald Dahl - solo

16. januar 2020 - Kl. 19.00

Norvald Dahl - "Flying High"
- Solo konsert med plateslepp

Vent deg ei suggererande musikalsk oppleving, med blanding av jazz, folkemusikk, pop, og moderne klassisk når pianisten Norvald Dahl går solo”. Med alt frå melodiøse improvisasjonar til tøffe klangar og folketonar, fyller Norvald Dahl Salen med god stemning.

Denne kvelden sit Dahl aleine ved Steinway-flygelet, og vi får mellom anna høyre låtar frå den ferske plata Flying High. Plata er spelt inn i Fosnavåg konserthus med moderne romklangteknologi, og under konserten i Salen vil du få høyre eigenkomponert materiale frå plata, og kanskje kjende melodiar i eigne arrangement.

Kjøp billetten i døra:
kr 200,- /150,- for Storyville-medlemmar og musikkstudentar. Kulturskuleelevar går gratis
Kontant /Vipps