Skip to main content Skip to footer

Torader

Toradaren (også kalla durspel) er som eit lite trekkspell, men den som spelar toradar er nøye på peike på skilnadane. I prinsippet liknar toradaren mykje på eit munnspel. Toraderen er vekseltonig, det vil seie at den gir to ulike tonar for kvar knapp avhengig av om belgen dragast ut eller pressast saman. Vi får kjøpt instrument i ulike toneartar. C-G- spel er mest vanleg, og brukast i kulturskulen. 

Det trengs ingen forkunnskapar for å melde seg på.. Det ligg så mykje musikk lagra i instrumentet, det er berre å hente den ut! Sjølv den som trur han er heilt umusikalsk, kan få seg ein positiv overrasking etter nokre veker. Mykje kan lærast etter gehør, all logisk tenking knytt til noter leggast til side. Toradaren har sitt eige spesielle ”notesystem”.

Vi har også eit tilbod til den som har spelt litt torader frå før, og kan det mest grunnleggande. Gammeldansgruppa Øyadur i Midsund, der mange spelar torader, ønskjer dessutan nye medlemmer hjerteleg velkomne! 

Vi tilbyr dette først og fremst i Midsund, men kan òg bli aktuelt på andre stader, dersom det er stor interesse. 

Kulturskulen har eit par instrument til utleige.

Velg ønsket alternativ / undervisningssted og trykk Søk elevplass


Søk elevplass